Kommuneplanen sin arealdel: Innspel og medinnflytelse - kan du spelereglane?
Det er kommuneplanen som styrer kommunen sin kurs inn i framtida, fra dags dato til neste kommuneplan blir vedteken. Ein kommuneplan består av ein langsiktig del og ein kortsiktig del. I den langsiktige delen finn vi arealdelen av kommuneplanen, som vi her skal konsentrere oss om. Dersom noko skal skje i ein kommune som ikkje er i samsvar med vedteken kommuneplan, så må det enten gjevast dispensasjon fra kommuneplanen eller planen må endrast for det omsøkte tiltaket.
Alt dette har sine spelereglar, forankra i plan- og bygningsloven (PBL). Dersom desse spele-reglane ikke blir følgde, er det feil saksbehandling og vedtaket kan krevast omgjort eller saka teken opp til ny behandling. Spelereglane gjeld også for oss. Difor er det viktig at vi veit korleis vi bør gå fram, dette for å få eit best mogleg resultat av arbeidet vårt og av den vedtekne planen.
PBL er ei svært viktig lov, ja dei aller fleste seier faktisk at dette er den viktigaste miljølova i Noreg! Alle som på ein eller annen måte arbeidar med natur bør ha ein viss kunnskap om den. Denne lova styrer det meste av arealdisponeringa/-forvaltninga i kommunen. Her finn du informasjon om tekniske inngrep, oppstykking av eksisterande areal (deling av eigedom), nye bustadfelt, landbruk, natur og friluftsområde (LNF) og så vidare. Men alt dette skal skje etter ein plan, arealdelen av kommuneplanen. Denne finn du også omtalt i PBL, §§ 20-1 til 20-6 (link til lovdata). Desse paragrafane skal kommunen følgje.
Korleis skal vi så gå fram for å få størst mogleg uttelling for krava våre?
Først må de finne ut om kommunen har ein vedteken kommuneplan (arealdelen). Be om å få ein kopi av denne, då saman med tilhøyrande forskrifter og retningslinjer.
Om den er gammal, gjer det ingenting - det er den som er sist vedtekne som gjeld.
Finn så ut når arealdelen skal rullerast/ajourførast. Dette skal skje ein gang kvar kommunestyreperiode, men dette skjer ikkje alltid. PBL §20-5, 1. ledd seier:
I god tid før utkast til kommuneplan skal behandlast i kommunestyret, skal kommunen sørge for å gjere dei mest aktuelle spørsmåla i kommuneplanarbeidet kjent på ein måte den finn hensiktsmessig, slik at den kan bli gjenstand for offentleg debatt.
Her må vi vere på bana! Når de ser slik informasjon, enten som annonse i lokalavisa, som omtale i kommunen sitt meldingsblad, som oppslag om bygdemøte/orienteringsmøte, så ver aktiv! Har de område med stor naturfagleg verdi som de meiner bør sikrast/skjermast mot annan aktivitet, så gje skriftleg beskjed om dette til kommunen. Ta gjerne kontakt med saksbehandlaren og be om råd om korleis du skal gå fram. Det kan være greitt å knyte kontakt med vedkomande. Be om å bli sett på postlista for den vidare planprosessen.
Etter kvart er ein komen til innsamlingsfasen. Dei fleste offentlege instansar er invitert til å kome med innspel, det vere seg fiskeridirektoratet, fylkesmannen sine ulike avdelingar (miljøvern, landbruk, beredskap), fylkeskommunen med alle sine avdelingar (kultur, areal/utvikling - mange forskjellige namn), vegkontoret, dei politiske partia med fleire. Dersom de føler at nokre av desse kan vere gode samarbeidspartnarar, ta kontakt med vedkomande saksbehandlar eller politikar. Husk å overhalde tidsfristane!
Etter innsamlingsfasen kjem bearbeidingsfasen. Dvs. at saksbehandlaren i kommunen sorterer alle innspel og lagar ei grovskisse. Hald kontakta med saksbehandlaren i bearbeidingstida, men utan å bli masete. Alt avhengig av innspel m.v., så kan det vere aktuelt å gå ut med råutkastet til ny arealdel på bygdemøter. Dette vil bli annonsert på førehand. Møt opp og gje uttrykk for di meining! Utkastet blir også diskutert i eit felles planforum (dei statlege instansane). Her blir moglege konflikter dei imellom avklart. Husk å pleie din samarbeidspartnar hos desse!
PBL §20-5, 2. ledd styrer den offentlege høyringa og seier at planen skal sendast organisasjonar som har særlege interesser i planarbeidet. Dette blir annonsert i avisene. Følg med! Har de fått planen tilsendt? Nå byrjar vi å nærme oss """"""""deadline"""""""" for påverknad. Mykje av løpet er køyrt når vi kjem til dette stadiet. Dei politiske partia har utkrystallisert sine standpunkt, dei statlege instansene har fått sitt på plass. Kjem vi først inn her med nye ting, som kanskje gjer at andre ting må vike, då vil spørsmålet melde seg: Kvifor har du ikkje kome med dette før, når det er så viktig? Da må du ha eit godt svar! Men sjølvsagt, løpet er ikkje køyrt før kommunestyret har gjort sitt endelege vedtak, slik at påverknad er mogleg (teoretisk) til siste dag. Grunnlaget er berre så mykje, mykje dårlegare enn om de er på bana tidleg i prosessen.
Alle må merke seg følgjande: Vent ikkje med å ta opp saker som har med arealdisponering å gjere.
Å tru at ingen vil bruke det same området til noko heilt anna enn du sjølv kan tenke deg, er som å spele russisk rulett.
Tore Svendsen
|